Love
Direksjonen
Æresmedlem

Vilhelm Krag
Repertoar
Baldevin

Leif Torstveit oppsummerer

"Det Dramatiske Selskab og 1814"

Litt historie rundt Det Dramatiske Selskab, Den stundesløse og 1814

12. mars 1813 framførte Det Dramatiske Selskabet ”Den Stundesløse” med Eidsvollsmannen Ole C. Mørch i rolla som Erich Madsen.

Det Dramatiske Selskab i Kristiansand vart stifta i 1787 og er nå 225 år. Selskabet er det eldste dramatiske selskap som framleis eksisterar. Selskabet sitt mål var å ha ” almindelig Fornøyelse”. Ein av stiftarane var byskrivar Henrik Arnold Thaulow. Han var rik, og framleis står villaen han bygde på Bragdøya. Dei første åra hadde Selskabet teaterframføringane sine i huset hans. Thaulow er nok best kjend som bestefar til Henrik Arnold Wergeland, Oscar Wergeland og Camilla Collett. Oldebarnet, Johan Fredrik (Frits) Thaulow, var ein svært kjend malar.

Selskabet sine medlemmer høyrde til eliten i Kristiansand. Og fleire enn O. C. Mørch var medlem av Selskabet og var på Eidsvoll i 1814.

Den grunnrike stiftamtmannen Nicolai Emanuel de Tygeson var med på å vitalisere Selskabet i 1805. Tygeson er best kjend for at han fekk bygd bru over Otra ved hjelp av private pengar i 1809. Lundsbrua, Thygeson Minde, er kalla opp etter han. Han organiserte kjøp og frakt av korn frå Danmark i kriseåra rundt 1810. Tygeson var ein av dei fremste rådgivarane til prins Christian Fredrik i 1814. Han var med på stormannsmøtet på Eidsvoll i januar. Prinsen sende Tygeson 13. mars til København for at han skulle tale prisen si sak for kongen. Kongen ville ikkje ha noko med Tygeson å gjere, og han vende ikkje attende til Noreg.

To av medlemmene i 1805 var Ole C. Mørch og Nicolai Wergeland. Dei var Kristiansand sine utsendingar på Eidsvoll. Pris Christian Fredrik bad stiftsamtmannen om ei forklaring om korfor valet ikkje gjekk slik han ønskte. Prinsen mistenkte dei to for å stø grev Wedel og unionstanken. Schouboe svarte at alle dei med formue og embetsmennene røysta, mens arbeidsfolka var gått heim. Stemninga i byen var god og at resultatet av valet ” at dette Tildfælde intet mærkverdigt indeholder”. Mørch var ein rik forretningsmann, og i dag kan me sjå det staslege huset hans på museet i Vige. Mørch høyrde til unionspartiet på Eidsvoll. Det gjorde også Wergeland. Han var mellom dei to - tre personane med best kunnskapar i forsamlinga. Wergeland hadde også laga eit framlegg til grunnlov. Truleg hadde han diskuter dette framlegget med eit anna medlem, konsul Isach Isachsen. Isachsen hadde vore i Frankrike under revolusjonen og medlem av ein jakobinerklubb. Isachsen er ein av forfedrane til Kåre Willoch. I dag har me Storting. Det var Wergeland som gjorde framlegg om å bruke namnet Storting på forsamlinga av valde representantar frå heile landet.

Mørch og Wergeland var medlemmer i Selskabet heile tida, men nokre i rikssamlinga på Eidsvoll var det berre ei kort stund. Ein av dei var 10.oktober 1810 eit reisande medlem, Just Ely. Henrik Just Ely var major. På Eidsvoll var han så anonym at ingen var klar over kva han meinte i sakene som var handsama der.

Assessor Christian Adolp Diriks var tilsett ved stiftsoverretten i Kristiansand frå 1806 til 1812. Fleire gonger var han konstituert stiftsamtmann. Didriks flytta til Larvik, og han var byfogd og sorenskrivar der i 1814. Han var fødd og oppvaksen i Danmark og høyrde derfor sjølvsagt til danskepartiet/sjølvstendepartiet der. Diriks var medlem av Selskabet i 1811.

Desse fire, Mørch, Wergeland, Just Ely og Diriks, var medlemmer av Selskabet før 1814 og kjende kvarandre godt då dei møttes på Eidsvoll.

Ein av dei stille i forsamlinga på Eisdvoll var kaptein Henrik Fredrik Arild Sibberen. Sibberen høyrde til sjølvstendepartiet. Han kom til Kristiansand i 1814, og han vart medlem av Selskabet 5. november det året.

Den neste Eidsvollsmannen som flytta hit, var statsråd Hegermann. Også han høyrde til sjølvstendepartiet. Medlem i Selskabet var han frå 19.oktober 1816.

Claus Bendeke var amtmann og vald frå Hedemarkens amt til Eidsvoll. Og han røysta med sjølvstendepartiet. I 1816 vart han utnemnd til assessor ved stiftsoverretten i Kristiansand. Medlem i Selskabet blei han 9.september 1817.

Me ser at sju personar som var med i rikssamling på Eidsvoll, var eller vart medlem av Det Dramatiske Selskab i Kristiansand. Det fortel kor viktig Selskabet var som sosial arena for eliten i Kristiansand. Men sjølv om dei var i same Selskab, røysta dei ulikt på Eidsvoll.

Elles så høyrer det med til historia om Eidsvoll at den seks år gamle Henrik skreiv eit brev til faren sin, Nicolai. I brevet ber han om å få sleppe å gå på Baun sin skule. Folkeskulelærar Baun var medlem av Selskabet, og Henrik kjende han nok frå samlingar der.

I januar skal ”Den Stundesløse” setjast opp på Kilden. Det Dramatiske Selskab er med på den oppsetjinga. Og det passar verkeleg flott. For då er det 200 år sidan Eidsvollsmannen Mørch hadde ei rolle i det same teaterstykket.l

Scenefoto: Jon Petter Thorsen Aptum fra Agder teater sin oppsetning av Den stundesløse i 2013